– Eg kom kjørande, og då møtte eg stengt veg. Det ligg ein stein på størrelse med ein garasje der, fortalde ein tipsar som Strilen snakka med onsdag kveld.

Midt på vegen

Då hadde ein stor stein på fleire tonn ramla ned på den nyasfalterte vegen mellom fv. 404 og fv. 57 på Erstadfjellet.

Det var då ikkje kjent kva som hadde skjedd, men det gjekk føre seg arbeid i og langs vegen i området for tida.

Steinen blei liggande rett ut i vegbana, slik at ein ikkje kunne passera forbi der. Den tok også med seg ein stolpe langs vegen.

Fjerna same kveld

Vegen er kommunal, og ifølge ingeniør på vegavdelinga i Lindås, Ketil Mikkelsen, blei steinen relativt raskt fjerna.

– Ein måtte bore nokre hol i han og dele den opp, men den blei fjerna same kveld.

Han fortel at det like ved vegen var ein entreprenør som heldt på å arbeida med bustadar, og at steinen skal ha ramla ned i samband med sprengingsarbeid.

– Etter det eg forstår blei vegen stengt når dei skulle skyta, og i etterkant var entreprenøren med på å fjerna steinen.

Vegen er no farbar, men det må likevel litt oppreinsking til for å få vegen i stand. Det må blant anna reasfalterast, medan BKK må inn for å retta opp masta som rauk med.

Foto: Privat