Bosset blir henta som normalt i dag, men korleis resten det blir til resten av veka er usikkert, skriv NGIR i ei pressemelding på sine heimesider, etter at det i går blei kjend at avfallsgiganten RenoNorden melder seg konkurs.

– Førebels veit me ikkje korleis resten av veka vert. Inntil vidare vert avfallet henta som normalt. Dersom ein ikkje får anna beskjed på sms, kan ein setta ut bossdunkane til vanleg tid på tømmedagen. La dunkane stå til dei er tømde, melder renovasjonsselskapet.

I vår region hadde RenoNorden ansvar i alle våre lokale kommunar: Austrheim, Gulen, Lindås, Fedje, Meland, Masfjorden, Modalen og Radøy.

Pågangen hos NGIR er antakeleg stor i morgontimane, for dei skriv også: «Ikkje ring NGIR – les SMS, nettsider og Facebooksider».

– Denne situasjonen er krevjande. NGIR ber om at kundane i størst mogleg grad unngår å ringja med spørsmål kring bosstømming.

Strilen har prøvd å få fatt i dagleg leiar i NGIR, Bjørn Berg, utan å lykkast.