Det er NRK som melde som hendinga som fann stad nyleg.

Katamaranen MS «Tyrving» var på veg på si daglege ferd frå Bergen til Nordfjord då det plutseleg blei dramatikk om bord. Mellom holmar og skjer i Nordhordland fekk ein nederlandsk, mannleg turist på 68 år hjartestans.

Familemedlemmar av mannen slo alarm og til alt hell var båten full av turnuslegar som var på veg til kurs i Florø. Få straksar etter hjartestansen var dei i gang med hjarte- og lungeredning. Til slutt valde ein å bruke ein hjartestartar og etter eit sjokk fekk dei liv i mannen.

MS «Tyrving» la straks til kai ved Vardetangen i Austrheim der ambulanse og luftambulanse stod klar. Der fekk han smertestillande før han blei floge til Haukeland sjukehus.

– Vi er utruleg takknemlege overfor legene og mannskapet på båten. Dei redda livet hans, seier familien i ein kommentar til NRK.

I hjartestartarregisteret kan du sjå kor nærmaste hjartestartar er.