Fregatten har lege sikra til land med ni kraftige vaierar, sidan kollisjonen med oljeskipet Sola TS torsdag førre veke.

Vaierar rauk

På ein pressekonferanse tysdag opplyste flaggkommandør og sjef for maritime operasjonar i Sjøforsvaret, Yngve Skoglund, at fregatten låg stabilt heilt fram til måndag kveld.

Håvard Mathiesen, sjef for sikringsarbeidet i Forsvarsmateriell, sa at baugen då sokk ytterlegare 1 meter og dei to svakaste vaierane rauk.

– Me erstatta dei med forsterka vaierar og jobba fram til midnatt med å forsterka vidare. Då opplevde me at det ikkje var trygt nok for personellet å fortsetta, opplyste han.

Klokka seks tysdag morgon rauk alle sikkerheitsvaierane i baugen etter at festa i fjellet svikta.

– Baugen fall då djupare og skipet la seg til ro på djupare vatn. Fartøyet ligg no stabilt, sa han.

Foto: Jakob Østheim/Forsvaret

Dei opplyste også om faren for ytterlegare forureining.

– Den siste utviklinga har ikkje ført til ytterlegare utslipp frå fregatten.

Kystverket opplyste klokka 10 at det berre er radartårnet, og delar av hekken som stikk opp over vassflata.

Kystverket har totalt samla opp 13 kubikkmeter med forureining

Skal berga fartøyet

Det er for tidleg å seia noko om kor omfattande skadane på fregatten Helge Ingstad er etter at han sokk djupare i sjøen, opplyser Sjøforsvaret.

– Målet vårt er å avgrensa skadane i den graden det lèt seg avgrense. Me kjem til å berga fartøyet, få det opp og ta det til Haakonsvern. Så får me sjå då kva som er føremålstenleg å gjere. Men det er klart; jo meir vatn som kjem inn, jo meir blir øydelagt, seier sjefen for Sjøforsvaret, Nils-Andreas Stensønes, på ein pressekonferanse tysdag formiddag.

– Fartøyet ligg no djupare enn i går. Det er større materielle skadar enn den situasjonen me hadde i går, men det er for tidleg å seia noko om kor store skadane er, seier Håvard Mathiesen, sjef for sikringsarbeidet i Forsvarsmateriell.

Foto: Jakob Østheim/Forsvaret
Foto: Jakob Østheim/Forsvaret
Foto: Jakob Østheim/Forsvaret
Foto: Kystverket