Arbeidet i E39 Masfjordtunnelen tek ferie i veke 28-31, det vil seia frå måndag 9. juli til og med søndag 5. august. Entreprenøren er i gang igjen etter ferien frå måndag 6. august.

Men det vert lange periodar med kolonnekjøring også etter det, for tunnelen skal etter planen ikkje vera ferdig med nye lys og anna oppgradering før til sommaren 2019. Det er AS Birkeland Entreprenør har arbeidet i E39 Masfjordtunnelen.

For reisande på E39 gjennom Nordhordland og Gulen er det også andre tunnelar som vil få trafikkreguleringar i samband med oppgraderingsarbeid. Arbeidet i tunnelane Matreberg og Trodal skal starta no på hausten i 2018, seinare skal det jobbast også i tunnelane Eikefet, Jernfjell og Skrikeberg.

Dei som er ferdigstilte i vår region er Mundalsbergtunnelen og Bjørsviktunnelen.