Sola skin og det er vårstemning ute. Men du bør nyta vêret, for allereie i natt blir det kaldare.

– Det blir litt nedbør i kveld. Temperaturen går litt ned i løpet av natta og morgondagen, seier Gunnar Livik i Meteorologisk institutt til Strilen.

Vinden vil gå over til nordvest, frisk bris og i morgon kuling på kysten. Det vil vera varierende skydekke, seier Livik.

– Det blir kaldare og frå mandag vil det vera bygevêr, som vil seie at me kan få sludd att. Det blir og kjøligare, med ein litt sur trekk.

Meteorologen påpeikar at langtidsvarselet ikkje er sikkert, men at det fram til tirsdag blir kaldare før temperaturen igjen vil stiga utover veka.

Så får me håpa at me får varmare vårvêr frå neste veke og at du nyt solskinnsdagen me har i dag.