Like før klokka 20:00 fredag kveld fekk Statens vegvesen melding om steinar som ligg i vegbanen i Eikefettunnelen på E39 i Lindås. Tunnelen blei stengt for trafikk og entreprenør blei sendt ut til staden for å undersøkja nærare.

– Ein bilist melde om steinar som ligg i vegbanen. Steinane kom frå taket, men vi trur ikkje at dei har treft bilar, opplyser trafikkoperatør Tina Fjeldalvi i Vegtrafikksentralen vest.

Tunnelen opna igjen cirka klokka 20:30.

– Entreprenøren har fjerna steinane og det skal ikkje vera nokon fare for at det kjem meir, avsluttar Fjeldalvi.