– Politet fekk melding om ulukka via fleire innringjarar. Den eine gjekk ut på at det plutselig stod ein bil i hagen, seier Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Han fortel at kvinna som «mista» bilen, seier at bilen begynte å trilla medan ho stod utanfor bilen.

– Ho skal ha prøvd å stoppa han, men bilen trilla nærare hundre meter nedover midt i bustadfeltet før han stoppa i ein busk i ein hage, seier Hellesund.

Bilen fekk mindre materielle skader medan kvinna seier ho har litt vondt i beina etter å ha prøvd å stoppa bilen.