I 11–12-tida fredag dansa tusenvis av barn landet rundt – på likt.

Dans for inkludering

Nokon av dei som var i sving var dei 150 elevane på Grasdal skule i Meland. Skulen jobbar aktivt med inkludering, og det var sjølvsagt for dei å delta i den årvisse BlimE-dansen, som blir organisert av NRK Super.

Lærarar og elevar ved skulen har dei siste vekene jobba aktivt opp mot «dansefredagen». Blant anna for å terpa på danseferdigheiter, men aller helst for å bli «minna på» kor viktige det er å vera snill og grei med kvarandre.

Supernytt

Nyleg har også nokre av elevane på sjette trinn ved skulen vore på skjermen i NRKs Supernytt, der tema var knytt opp mot mobbing. Lærar Kjersti Monsen tok sjølv opptaka, som blei sendt på skjermen tysdag og torsdag denne veka.

– Eg fortalde at det ikkje er å sladra når ein seier frå om mobbing til ein vaksen, seier ei av dei som var med, sjetteklassingen Gabrielle Gripsgråd Bjørset.

TV-STJERNER: Fem av Grasdals sjetteklassingar har vore på skjerme for å snakka om mobbing. Her er fire av dei (frå venstre): Smilte Jakstei, Gabrielle Gripsgård Bjørset, Liam Söderberg Bakke og Victor Olsvoll Fjeldstad. Foto: Erlend Kristiansen

Også Liam Söderberg Bakke veit kva han skal gjera om han skulle sjå ein mobbesituasjon.

– Då går eg bort med eingang, og om det er nokon som er litt større, så går eg til ein lærar.

Nyleg har dei også sett fokus på mobbing over internett.

– Det er mange som blir mobba der, spesielt på sosiale media som Snapchat, Facebook og Instagram, eksemplifiserer Gabrielle.

SUPERNYTT: Nokre av Grasdal-elevane kom på nyheitene for barn, Supernytt, for å snakka om mobbing og utfrysing. Foto: skjermskot/NRK
STYRTE SHOWET: Desse 4.- og 7. klassingane fekk ansvare for å få dei øvrige hoftene på skulen til å bevega seg. Frå venstre: Alina Olsen, Iselin Laila Kaldal, Benjamin Jorquera Høgstein, Ole Håkon Knudsen, Clara Emilie Van Håkull og Celina Absalonsen. Foto: Erlend Kristiansen