Det var i 15-tida måndag då Glenn Tangen var på veg heim frå jobb, at ein hjort forvilla seg ut i vegen midt i ettermiddagsrushet på E39 forbi Hylkje.

– Heldigvis klarte eg å svinga raskt unna og unngjekk han så vidt, seier Tangen, som fanga augneblinken på dashbordkameraet sitt.

Hjort i vegen er eit vanleg syn langs Hordalands-vegane, men strekninga mellom Nordhordland og Vågsbotn er ikkje blant dei sikraste stadane å kryssa asfalten. Kvar dag kjører meir enn 20.000 bilar denne vegen.

Ved denne hendinga tok verken hjort eller bil skade.

– Dette kan vera ei oppfordring til andre bilistar om å ta det med ro i trafikken og vera obs på hjorten, seier Tangen.

Sjå hjorten byksa ut i vegen her (hopp til 2.17min):