Ytre Gulen Sanitetslag tok imot fotograf Gøril Sætre og ressurssjukepleiar i Gulen Mona Hjartholm til temakveld onsdag 21. mars. Korleis handtere alvorleg sjukdom, hos seg sjølv, som pårørande eller ven. Temaet er vanskeleg å snakke om, men er likevel viktig å ta opp.

Dei frammøtte fekk god servering før oppstart og beskjed om at serviettane også kunne brukast til å tørke tårer med.

Mona fortalte om si rolle som ressurssjukepleiar i Gulen kommune. Oppgåvene hennar var blant anna å få på plass eit team rundt den alvorleg sjuke og familien. Ulike behov som heimehjelp, heimesjukepleie, fysioterapi, skaffe hjelpemidlar og finne eventuell behandlingsplass. At ein person tek seg av alt dette er til stor hjelp for menneske i ein vanskeleg fase i livet.

Mange døyande har ofte store bekymringer for dei som blir igjen. Det er godt å ha nokon å snakke med i denne perioden og få hjelp til å rydde opp rundt seg. Tida er også god til å lage minne og leve livet så godt som råd.

Lett å gløyme seg sjølv

Når ein opplever alvorleg sjukdom og død på nært hald, gløymer ein ofte seg sjølv og dei livsviktige behova ein har som søvn, mat og drikke. Gøril opplevde at folk kom på døra med middag og bakst. Andre sørgde for at besøkande fekk servering og rydda opp igjen etterpå. Nokon minna henne på at ho måtte sove. Omtanken frå naboar og vener var varmande.

Viktig med god støtte

Gøril Sætre og familien fekk støtte frå Mona Hjartholm i den tida far hennar var sjuk og døyande, men også i ettertid i den vanskelege sorgperioden. Den siste tida i eit menneske sitt liv er aldri lik. Det er heller ikkje måten å sørge på. Å samle krefter til å vere mor når ein sørger sjølv, er vanskeleg. Ein strekk ikkje til. Støtta frå ressurssjukepleiaren var uvurderleg for familien.

Stilte mange spørsmål

Dei oppmøtte på temakvelden hadde mange spørsmål. Kva kan ein snakke om når ein møter alvorleg sjuke? Av og til kan daglegtale om vêr og vind halde tankane unna sjukdommen. Avbrekk frå det som er trist og tungt er befriande. Når kaos rår innvendig, er kvardagen utanfor god å halde tak i.

Laust på tunga sit ønsket om «god bedring» til nokon som er sjuk. Det kan følast feil å seie dette til ein som er dødssjuk. Å seie «ha det så bra som du kan ha det» kom opp som eit godt alternativ.

Tøft tema

Temaet for kvelden var tung, men også informativ og oppløftande. Tårer blei tørka og latter og lettelse delt ut. Som då Gøril fortalte om den vesle båten dei hadde døypt «Bestefar». No ville dei for alltid kunne seie at bestefar var med på fisketur.