I går formiddag starta årets og den 40. utgåva av NM i brass i Grieghallen i Bergen. På plass blant 76 påmelde korps, er sjølvsagt ei rekke lokale korps.

Pliktnummer

Fredagen spelte både Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som er i elitedivisjonen, pliktnummeret: Aubade - Dawn Songs of the Fabulous Birds, som er komponert av Torstein Aagaard-Nilsen.

Heile sendinga frå Brass-NM med musikknummer, intervju og stemning kan du sjå direkte og gratis gjennom helga inne på Norges Musikkorps Forbunds' livestream.

Kven som vinn dei ulike divisjonane blir først klart i kveld, då det er duka for festkonsert og premieutdeling. Strilen oppdaterer sjølvsagt frå arrangementet.

Programmet til lokale korps:

Elitedivisjon:

Sjølvvalt nummer, laurdag:

• 15.45: Manger Musikklag

• 17.45 Eikanger-Bjørsvik Musikklag

• 18.15 Bjørsvik Brass

1. divisjon, laurdag:

Desse spelte fredag: Oster Brass, Manger Old Star (2. divisjon), Lindås Brass (3. divisjon). I tillegg spelte Radøy Brass (1. divisjon) laurdag morgon.

Fullstendig program til arrangementet kan ein finna her.