Det fine vêret den siste tida har ført til at det er svært tørt i fleire område i regionen vår. Brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs, gjeldande frå og med søndag 27. mai 2018 klokka 20:00.

Forbodet gjeld kommunane Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

I ei melding frå brannsjefane vert det forklart at dette inneber at:

– Det er ikkje lov å tenna opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.

– Det er ikkje lov å grilla eller tenna opp bål i nærleik av skog og mark.

– Det er ikkje lov å tenna bål og grilla i strandsona.

– Det er ikkje lov å tenna opp bål eller grilla på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane.

– Det er ikkje lov å brenna hageavfall, sjølv på eigen tomt.

Forbodet gjelder likevel ikkje:

– Kontrollert bruk av grill i eigen hage.

Forbodet gjeld frå og med idag 27.05.2018 og framover til regionen har hatt nedbør av betyding. Brann- og redningssjefane vil kunngjera når forbodet er oppheva, heiter det i meldinga, som er signert brannsjef Austrheim, Rolf Henning Myrmel, brannsjef Radøy, Stein Ove Valdersnes, og brannsjef Lindås, Meland og Modalen, Karl J. Romarheim.

Det er lagt ned tilsvarande forbod også i nabokommunane.

BRANNSJEFEN: Karl Johannes Romarheim, som er sjef i Lindås, Meland og Modalen brann og redning. Foto: Ketil Tjore