GPS: Sjåføren opplyste at han stolte på GPS-en, som oppgav Kleivdalsvegen som kjappaste vegen til Mongstad. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Vogntoget hadde som fleire andre, tatt kortaste vegen mellom E39 forbi Hjelmås, og nordover mot fylkesveg 57 mot Mongstad. Men som vanleg er dette eit dårleg val, sidan Kleivdalsvegen ikkje er er brei nok for denne typen kjøretøy.

Sjåfører fortalte til Strilen at han stolte på GPS-en, som oppgav Kleivdalsvegen som kjappaste vegen til Mongstad.

Som før vart det stopp alt tidleg i oppstiginga frå Hjelmåssida.

Tankvogna stod solid fast, etter at sjåføren prøvde å rygga seg nedover og dermed hamna i grøfta. På tanken var det slurry, eit stoff som skal brukast i betong. Før berging av vogntoget måtte lasta pumpast over i ei anna tankvogn.

SKILTET ER PÅ PLASS: Som ein ser er skiltet på plass om maks lengde 12,4 meter. Men kanskje det heller skulle vore eit digert skilt med ein lastebil med kryss over? Foto: Gunn Berit Wiik Berg