Klokka 14:46 sundag fekk brannvesenet melding om mistenkeleg røyk på ei adresse ved Langhøyane på Radøy.

Dei rykte ut og det viste seg at det hadde oppstått ein liten brann i ein sentralstøvsuger.

– Støvsugeren er teken ut av den aktuelle bustaden, og vi har hatt kontroll på han heile tida, seier Glenn Hamre, vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland.

Dei fleste brannmennene har retunert, men ein mann er igjen for å kontrollera situasjonen vidare.

– Det ser ikkje ut som at det har spreidd seg i bustaden, men vi har ein vakt igjen for å kontrollera og finna ut korleis dette starta.