NY RUNDE: Også i dag vil brannhelikopter jobba på Vikanes. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Status søndag ettermiddag er at ein stad mellom 50 og 70 mål skog og gras er svidd av. Brannvernet har 10 mann i arbeid, det same har sivilforsvaret. Det har brent heilt til toppen av fjellet, men ikkje over.

– Me jobbar med å laga branngater, og har kontroll på brannen slik at den ikkje spreier seg meir utover. Det brenn framleis litt i midten oppe på fjellet, men det må ein rekna med at det gjer ei stund til endå, seier Nils Medaas i Lindås, Meland og Modalen brann og redning.

FRÅ MODALEN: - Eg kom hit i 17-tida i går og var her til midnatt, så reiste eg heim og sov og var på plass igjen her i dag tidleg. Eg reknar med at det vert full dag her i dag og, sa Oddbjørn Trohaug til Strilen søndag ettermiddag. Han er tilknytta brannstasjonen i Modalen, og rykka ut med tankvogna derifrå. Foto: Anne-Lise Nordpoll
SVIDD: Oppover fjellsida står furutrea att som svidde kvastar. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Ein kan framleis kjenna at det er veldig varmt i bakken, og så lenge det er varmt i jordsmonnet, så er det ein fare for at det kan blussa opp igjen her og der. Brannvern og sivilforsvar blir på Vikanes utover kvelden og natta, og så kanskje litt i morgon også.

Trafikken på E39 går søndag ettermiddag som normalt.

VAKTSKIFTE: Eit nytt arbeidslag frå Sivilforsvaret vert brifa av brannvernet i utkanten av brannområdet. Foto: Anne-Lise Nordpoll
GOD KONTROLL: Ein letta og glad Nils Medaas søndag ettermiddag, då mannskapa hadde god kontroll på brannen. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Klokka 14.30 søndag orienterer brannvernet om at brannsjefen i Lindås har opna for at bebuarar kan returnera til bustadane sine. Men det er med forbehold om ny evakuering dersom brannen mot formodning skulle ta seg opp igjen.

Klokka 13.30 er både helikopter og brannmannskap i arbeid. Helikopteret har sleppt ned utstyr på toppen av fjellet som mannskapa skal bruka, og så har det også begynt å sløkkja brann i eit området oppe på fjellet der det no er ein del røyk, melder 110-sentralen.

– Helikopteret har sjekka branntomta. Det vil ikkje driva sløkkjerabeid no sidan det ikkje er mykje flammar på staden, men det vil bli gjort ei ny vurdering seinare, melder 110-sentralen i Hordaland klokka 12.

Brannmannskapa førebur seg no på ein aksjon oppover i terrenget, der dei skal gå til fots og jobba seg frå tue til tue.

HARDT ARBEID: Å sløkkja skog og grasbrannar tek ofte lang tid, og det er hardt arbeid for mannskapa. Her fyller mannskap frå brannvernet vatn i tankane på Vikanes kai. Vasstankvogna i bakgrunn er frå Modalen. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Brannmannskapet og Sivilforsvaret hadde vaktskifte på morgonen i dag etter å halde vakt og jobba med den store skogbrannen på Vikanes gjennom natta. Dei har kontroll på brannen, men det brenn framleis oppover i terrenget.

– Me hadde 28 mann frå brannvernet i arbeid utover ettermiddagen og kvelden i går, i tillegg til ca. 20 mann frå Sivilforsvaret. Me trappa ned litt i natt, men me hadde folk i arbeid der i heile natt, og i dag reknar med å ha ein 12–13 personar i arbeid gjennom dagen. I tillegg har me nett bede om ein ny runde med hjelp frå brannhelikopter. Det kjem helikopter frå Flesland klokka 11, seier brannsjefen i Lindås, Meland og Modalen brann til Strilen søndag klokka 10.

Brannsjef Karl Johannes Romarheim Foto: Ketil Tjore

For bratt for bakkemannskap

Rundt midnatt laurdag hadde dei kontroll på brannen, men den var ikkje sløkt.

– Terrenget er altfor bratt til at me kan klara å sløkkja brannen frå bakken. Både fordi det er for vanskeleg for mannskapa å bevega seg oppover i terrenget og fordi me har problem med å få vatn opp i terrenget med slangar når det er bratt, seier Romarheim.

Ryk kraftig rundt hyttene

Han fortel at det framleis ryk kraftig rundt nokre av hyttene, og at personane som var i hyttene då brannen starta framleis er evakuerte.

– Me vil ikkje sleppa folk tilbake i hyttene før me er sikre på at brannen rundt hyttene er heilt sløkt. Me ønskjer ikkje ein situasjon der folk vert sleppt inn att for så å bli evakuert igjen fleire gonger, seier han.

Prioriterer hus og hytter

Det er området rundt hus og hytter mannskapa på bakken har prioritert i natt, og det er også det området som vil bli prioritert av bakkemannskapa utover dagen. Brannen oppover fjellsida vil helikopter ta seg av.

Får god hjelp

Brannsjefen skryt av den jobben som er gjort både av brannmannskapa og Sivilforsvaret.

– Dei gjer ein kjempejobb. Me frå hjelp av mannskap frå brannstasjonane i fleire av nabokommunane. Gulen og Masfjorden brannvern har vore til stor hjelp. Me har også fått hjelp frå Bergen. Sidan alt mannskap frå Lindås, Meland og Modalen brann og redning er engasjert i dette oppdraget og me må rullera slik at me heile tida har friske mannskaper her, så har brannvernet i Austrheim tatt over beredskapen nord i Lindås. Radøy brannvern bemanner akkurat no brannstasjonen på Ikenberget, seier Romarheim, og fortel at dei reknar med at dei må jobba og halda vakt på Vikanes ei natt til.