– Nedbør i dag har ført til at det no er opna for skyting på og utanfor skytebaner. Dette gjeld for kommunane Austrheim, Radøy, Meland, Modalen og Lindås. Totalforbodet mot å gjere opp eld utandørs gjeld framleis.

Det skriv brannsjef Karl J Romarheim i Lindås, Meland og Modalen i ei pressemelding. Dette same er tilfelle i Radøy og Austrheim, opplyser brannsjefane der.