– Det er ein lastebil som har sklidd eller kjørt av vegen ved Hundvin i Lindås, like ved Hundvin Handel, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Ulukka blei meld om lag klokka 07.00. Rapportane frå ulukkesstaden gjekk ut på at føraren av lastebilen sit i bilen og er medviten.

– Han snakkar og er oppegåande slik, seier Kolltveit.

Ved 07.35-tida melde politiet på Twitter at den mannlege føraren ikkje sat fastklemt. Han blei tatt inn i ein bil på staden, og skal ha fått skader i ein arm.

Lastebilen hamna på taket og blei liggjande drygt fem meter nedfor vegen. Vegen opna relativt raskt med manuell dirigering på staden.

Det er nullføre og snør kraftig i Nordhordland i morgontimane fredag.

– Bilistane bør ta det med ro, seier Kolltveit.