Framstegspartiet hadde laurdag nominasjonsmøte for å utarbeida lista til fylkestingsvalet til hausten.

Ikkje overraskande var det Terje Søviknes frå Os som tok førsteplassen på lista.

Litt lenger nede, på sjetteplass, finn ein mangeårig lokalpolitikar i Lindås, Bjarte Vatnøy.

– Det vart ein thriller laurdag. Min plass blei utfordra av tre andre kandidatar, som alle heldt gode innlegg, seier Vatnøy, som også var innstilt på sjetteplass på førehand.

Han starta opp i lokalpolitikken i Lindås i 2003, men blir ikkje med inn i Alver neste år. No er det arbeid for fylket som gjeld.

– Dersom me får veljarane sin tillit, så skal eg som ombudsperson for heile Vestland kjempe for mange saker, nokre meir aktuelle for vår region enn andre, seier han.

Frp sine listetoppar

  1. Terje Søviknes (Bjørnafjorden)

  2. Sigbjørn Framnes (Stord)

  3. Helge Stormoen (Bergen)

  4. Rosalind Fosse (Askøy)

  5. Frank Willy Djuvik (Kinn)

  6. Bjarte Vatnøy (Alver)

  7. Renate Møgster Kleppsvik (Austevoll)

  8. Gunnar Bakke (Bergen)

  9. Gustav Bahus (Bjørnafjorden)

  10. Hogne Bleie (Stad)

  11. Anita G. Johannessen (Øygarden)