Vegtrafikksentralen Vest melder om at det blir stopp på ferjesambandet Masfjordnes-Duesund på formiddagstid tysdag 15. januar til torsdag 17. januar.

Det betyr at det ikkje går an å komme seg over Masfjorden med bil i nokre få timar desse dagane. Til gjengjeld blir det sett opp passasjerbåt over fjorden mellom klokka 8.20 og 13.40. Den vil følge den vanlege rutetabellen.

Ombygging til batteridrift på kabelferja er grunnen til stansen.

Siste morgonferje går klokka 08.20 frå Duesund og 08.30 frå Masfjordnes. På ettermiddagen er det ferjetrafikk igjen klokka 13.40 frå Duesund og 13.50 frå Masfjordnes. Sjå elles rutetider her.

PS: Har du lese lesarinnlegget til Alf Strand om kabelferja?

«No blir det slutt på at ferja ventar på ein bilist som på grunn av dårleg føre er to minuttar for sein og må venta ein time på neste ferje. Slutt på at ferja ventar på bussen eller at bussen ventar på ferja. Ferja skal gå på minuttet, bussen skal gå på oppsett avgangstid, elles blir det bot.»