Kvart år har me på ungdomsskulen valfaget «Innsats for andre», som går ut å hjelpa andre med store og små oppgåver. No ønsker me å hjelpa deg!

Grasklipp til hundepass

Målet med faget er å gjera ulike formar for arbeid og dugnad. Det kan vera alt frå barnehageassistanse, til grasklipp, husarbeid, måling, hundepass, besøka ein gamleheim eller andre oppdrag.

Kanskje det er nokon som vil ha besøk og vil sjå oss dansa eller synga?

Tar du kontakt med oss, så kan me sikkert få til ein avtale enten det er i eller etter skuletid.

Gratistilbod

For kvar veke gjennom skuleåret set me av litt tid som me ønsker å bruka på deg. Me likar å hjelpa andre og er innstilte på gleda andre menneske. Me er fleksible og er motivert til å ta imot alle slags oppdrag.

Tilbodet er gratis, så me håpar du vil nytta denne unike sjansen til solid, ung arbeidskraft.

Ta kontakt med valfag-ansvarleg Ketil Porsmyr via telefon/sms (467 60 067) viss du vil gjera ein avtale. Me er klare!