Ein person skal vere skadd etter ei arbeidsulykke hos Equinor Mongstad, melder Vest politidistrikt klokka 11.03 onsdag formiddag.

– Klokka 10.45 skjedde det eit arbeidsuhell på Mongstad. Ein person skal ha falt ved eit stillas, men ikkje frå høgde. Vedkommandde blei sendt til legevakt, kor det blei konstatert brot i armen, seier pressekontakt Elin Isaksen i Equinor.

Politiet og helse har vore på staden.