SISTE: Klokka 16.45 melder Norled at det no er normal drift i ferjetrafikken mellom Fedje og Sævrøy.

Det blei tidlegare på ettermiddagen stopp i traikken grunna tekniske problem.

– Det som skjedde var at ferja mista motorkraft, kort tid etter avgang frå Fedje. Ferja måtte kasta anker. Eg veit ikkje korleis dei som var om bord opplevde dette, men på Fedjefjord er dette ein enkel prosedyre, sa driftsjef i Norled Inge Andre Utåker til Strilen klokka 15.30.

M/F Fedjefjord var nyleg inne til vedlikhald, og Utåker fortel at det var verkstadfolk om bord då ferja mista motorkraft.

– Det er mogleg det har noko med saka å gjera. Fedjefjord har fire motorar, men treng berre å ha to av desse i drift for å gå i rute. Det pågjekk truleg arbeid på to av motorane då dette skjedde, men eg har ikkje alle detaljar. Det eg kan seia er at ferja er på veg inn til land igjen no. Dei må truleg ta ein skikkeleg gjennomgang av ferja for å finna ut kva som skjedde, men det er som sagt folk frå verkstaden om bord no, og eg reknar med at dette vil løysa seg fort, seier Utåker.

Ferja blei liggande til kai på Sævrøyna etter driftsavviket, men er no altså i full vigør igjen.

For nokre veker sidan var det reserveferja M/F Utne som hadde teknisk trøbbel. Då var det berre skyssbåt som gav øya kontakt med fastlandet.