Stordalsvegen på fylkesveg 381 er framleis stengd ved Fossesvingane i Stordalen etter at store mengder stein rasa ned på vegen fredag. Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tar tid

Opprydningsarbeidet blir omfattande, sidan vegen har fått store skadar.

– Det ligg att mykje stein og lausmassar oppe i fjellsida der raset gjekk. Dette må fjernast før vegen er trygg å opna att. Entreprenøren er i gang med arbeidet, men det vil ta tid, fortel Kenneth Hermansen i Statens vegvesen i meldinga.

Ny vurdering tysdag

Det er planlagt ei ny geologvurdering på tysdag 28. mai klokka 17.00, men det er ikkje venta at vegen kan opne før neste veke.

Det blir omkøyring via E39 til Oppedal, vidare på fv. 92 på Høyanger sørside og opp Stordalen ved Bjordal.