Bruk av mobiltelefon under kjøring, særleg bruk som inneber tasting og lesing, er forbunde med høg risiko og er medverkande årsak til fleire alvorlege trafikkulukker.

– Lite respektert

UP-sjef Runar Karlsen fortel at erfaringa deira er at dagens forbod blir svært lite respektert. Difor håper dei at prikkar for ulovleg bruk av mobiltelefon under kjøring aukar trafikktryggleiken.

Ved åtte prikkar totalt i løpet av 3 år, mister ein lappen. Foto: Pål Dybwik

Årsak til mange ulukker

– I Norge døyr over hundre menneske i trafikken hvert år, og mobilbruk er ei av årsakene i fleire av dei alvorlege ulukkene. Difor må ein ta i bruk nye tiltak for å redusera talet på drepne og hardt skadde, seier UP-sjefen.

Dersom ein har førarkortet på prøve, får ein fire prikkar pluss førelegg.