Skriket II

Eg ber til dei med makt

At dei i si avmakt

Må venda seg til Vårherre

Eller til Mekka

Eller om så til Styggen Sjøl…

.

Og rekk ikkje det

Ber eg at dei ropar, høgt,

På keisar Josef som her rådde

Eller Hertug Samuel som her herska

Og som visseleg gremmest i sine graver

At dei står opp att

Berre ei lita stund

For dei trengst

.

Eg ber mine bøner  Stilt frå vogna på vegen

.

Som ristar i filler

Som filleristar reisande

Som skakar føraren

Som skranglar, bankar, knuser

Som fyller kropp og sjel med støy, larm og elende

Som skakar skallen, og skaper kaos i tankane

Medan øyro flagrar, briller flaksar og nyrer losnar

.

Eg ber mine bøner frå toppane av dei kjapphøge

Fartshumpane, fartsdumpane, fartsdrepane nakkeknusarane

Valsa ut i gråsvart asfalt som ein opp/ned omvendt galge

Som litt og litt kvar gong sausar marg og bein

Og ryggsøylevirvlar til eit skjelvande virvar

.

Så lenge eg kan…

Amen