Det var i 10-tida tysdag at Vegtrafikksentralen (VTS) melde at det hadde gått eit ras på Matre, like ved tunnelmunningen til Masfjordtunnelen. Den vegen blir ikkje opna før onsdag.

Stor trafikk på sidevegane

Det fører til auka press på sidevegane gjennom Masfjorden, Gulen og Lindås. Og for å komma seg vidare over Fens- og Masfjorden må ein ta ferje enten via Leirvåg-Sløvåg eller Duesund-Sandnes.

Allereie før klokka 16 tysdag melde Norled om stor trafikk over Fensfjorden og at ein måtte bu seg på forseinkingar. Etter det VTS erfarer vil begge ferjesambanda gå i skyttel no på dagtid så lenge det er trafikk.

Nattferje

Det er også vedtatt at ferjene vil gå natt til onsdag. Rutetidene for dette er pr. tysdag ettermiddag ikkje klare. VTS ber om at berre personbilar tek i bruk sambandet Duesund-Sandnes.

For å sjå driftsmeldingar frå Norled kan ein trykka her.