ALLE MED: På julespelet er det mange som bidreg, både med dans og song. Her framfører Helena Kjenes flott.
STILIG DANSENUMMER: Fleire av dei yngste framførte stilfullt dansenummer før forteljinga byrja.
ENGEL PÅ BESØK: Innom var også engelen som fortalde gjetarane at ein frelsar var fødd.
KALDT FOR GJETARANE: Gjetarane sine vandringar i kalde marker vart også vist.
VAKKER SONG: Jamie Valle og Silje Kjenes framførte fleire vakre songar.

Denne gongen gjekk reisa tusen år tilbake i tid, til då Håkon den Gode fortalde familien og Sigurd om ønsket sitt om å flytta solsnu-gildet frå 21. desember til 24. desember. På denne måten vil det passa med den kristne kalenderen. Dette er mellom andre Sigurd svært skeptisk til, og Håkon må fortelja om julemirakelet.

Få Jesus opp av krybba

Ole Kristian og Silje Kjenes som driv Spurkeland vikinggard og står bak tilstellinga, er svært nøgde med arrangementet. Her har dei med familien på scena, i tillegg til at dei driv ein ungdomsklubb dei har fleire flinke skodespelarar frå.

– Hensikta med arrangementet er å få Jesus opp av krybba, og at han ikkje berre skal verta ei dukke her, seier Ole Kristian Kjenes. Han fortel vidare at det skal vera eit levande bilde av korleis det var på denne tida og gje eit historisk perspektiv.

– Me framfører alltid Julespelet, men har mindre endringar, eksempelvis i formidlingsmåten, seier han. Dette fungerer godt mot den klassiske historia. I tillegg til sjølve julespelet og historia rundt, var det framføring av ei ung dansegruppe og vakker song av Jamie Valle og Silje Kjenes. Desse to avslutta mellom anna med vakre «Deilig er jorden».

Eit samlepunkt

I tillegg til å formidla eiga tru og dela denne historia, er det også vesentleg å skapa eit godt møtepunkt for einkvar. Arrangementet er ope for alle og det vert servert gløgg, peparkaker og klementinar for å skapa den rette stemninga i løa.

– Her skal det vera ro og hyggje, seier Kjenes, og legg til at det er meint som ein pause frå julemaset ein kanskje elles kjenner på.

Kjekt å sjå

Etter tips frå slektningar vitja Kristin Helle vikinggarden, og både ho og dotter Vilde (4) koste seg stort.

– Det er jo noko heilt eige med atmosfæren her, med vikingeffektane på veggen og hestar og esel på kanten av scena, seier ho med eit smil. Ho likte godt korleis dei har sett det heile inn i vikingsamanheng.

– Det vart rett og slett ein ny måte å gjera det på, seier ho. Ho kjem gjerne attende for å sjå dei nye løysingane dei har på forteljarmåte.