Torsdag 5. oktober skal Statens vegvesen gjera ulike former for testar og justeringar i Mundalsberg- og Bjørsviktunnelen på E39.

I desse tunnelane har vegvesenet det siste halvtanna året jobba for å betra standarden, slik at dei skal oppfylle ulike EU-krav. Som ein kan erfara sjølv, har tunnelane no blitt både lysare og tryggare å kjøra gjennom.

Kolonnekjøringa blir kontinuerleg frå klokka 20 og utover torsdag kveld, den 5. oktober.