Det er natt til fredag vandalar har vore på ferde og herpa og knust rutene i busskuret i gymnasbakken i Knarvik, på Fosse i Meland og ved blandeverket på Flatøy.

– Det må ha vore ein del lyd av hærverket, men me har så langt ikkje fått nokon tiløbakemeldingar om at nokon har høyrt noko, seier politioverbetjent Svein Arne Hatlevik til Strilen fredag ettermiddag.

No ber politiet difor om tips frå publikum.

– Har du sett eller høyrt noko som kan ha med hærverket å gjera, kan du ringja politiet på 02800 og be om å få snakka med vakthavande i Nordhordland, seier Hatlevik.