Tre personar har vore involvert i slagsmål på eit treningsstudio i Meland kommune. Politiet fekk melding om hendinga klokka 14:05 sundag.

To av personane er frakta til Knarvik legevakt med skadar i armar.

– Vitne skildra at ein mann jaga to andre menn utanfor treningsenteret og det vert utlevert slag og spark, seier operasjonsleiar Helge Blindheim.

Då politiet kom til staden får dei vita om ein valdsepisode som føregjekk inne på treningsstudioet før personane vart jaga av mannen.

– Der inne skal han ha brukt ein jernstang til å slå dei to andre. Dei har begge skadar i armane og ein har fått eit slag eller eit spark i ansiktet, fortel Blindheim.

Den mistenkte har forsvunne frå staden i ein kvit bil. Politiet etterforskar saka.

– Vi jobbar med å ta avhøyr av vitne på staden, vi prøver å få tak i den mistenkte og identifisera kven det er.