Dommen frå Bergen tingrett kom torsdag 20. september, etter at saka var oppe i retten tidlegare i september.

Den 45 år gamle mannen nekta då saka starta straffskuld for aktlaust å vera årsak til at faren døydde i båtulukka.

Båtulukka skjedde sommaren 2016. Den tiltalte mannen var førar av båten som var på veg frå Utkantfestivalen, og køyrde på eit skjær. Alle dei fem om bord vart kasta ut. Dei fire passasjerane hamna i sjøen, mens tiltalte hamna eit stykke opp på ein holme.

Av dei fem var det ein som vart erklært død på staden, og det var faren til den 45 år gamle båtføraren.

Rekonstruksjon

Politiet etterforska opphavleg ulukka utan å rekonstruera den, og anbefalte statsadvokaten å legga bort saka. Etter at statsadvokat Benedikte Høgseth bad om meir etterforsking, og ein rekonstruksjon vart gjennomført, valde ho å ta ut tiltale mot sonen til den omkomne.

– Me meiner tiltalte utviste straffbar aktløyse i samband med ulykka, sa Høgseth i retten.

Påtalemakta meinte det var aktlaust av 45-åringen når han tok eit sjømerke i Kiparsundet for å vera ei fyrlykt. 45-åringen svarte i retten nei på spørsmål om han erkjenner straffskuld på det alvorlegaste punktet i tiltalen, og nekta også skuld for punktet som gjeld brot på småbåtlova.

Tok feil av fyr og lykt

Hendingsforløpet er klarlagt, og retten har lagt til grunn at kollisjonen skjedde på grunn av at 45-åringen tok feil av ei fyrlykt og eit merke. Han trudde at han sikta mot fyrlykta på Storholmen fyr, men hadde i realiteten kursen mot eit merke med lys, lateralmerke 88. Då dette var oppdaga var det for seint å gjera ein unnamanøver, og småbåten gjekk på holmen som merket står på.

Retten har lagt til grunn at 45-åringen hadde sikker og forsvarleg fart, og at det var forsvarleg å basera navigeringa utelukkande på optisk navigasjon, etter lateralmerker og fyrlykt. Vidare legg retten til grunn at tiltalte var konsentrert og merksam.

La om ruta

Retten har mellom anna merka seg at båtføraren la om ruta på veg tilbake frå Utkant-festivalen på ulukkesnatta, og valde Kiparsundet heller enn Kjeøysundet, fordi den siste var for mørk.

«Han har således foretatt en vurdering av forholdene underveis, og etter rettens oppfatning foretatt aktsom og forsvarlig navigering. Det at hans far døde skyldes ikke uaktsom navigering, men en feil som (45-åringen) ikke strafferettslig kan bebreides for», heiter det i dommen, som konkluderer med:

«Etter dette frifinnes tiltalte.»