Nødetatane rykte i ettermiddag ut til ei trafikkulykke mellom to personbilar på vegen mellom Mo og Eidslandet i Vaksdal kommune. Hendinga skal ha skjedd ved Rekavika, som ligg like sørom Modalstunnelen.

Tre personar var involvert i ulykka.

– Vi fekk melding klokka 15.50 om ulykka. Det er snakk om ein kraftig kollisjon der airbagane er løyst ut og der den eine bilen hamna utfor vegen og nede i ei skråning, seier Morten Frantzen ved 110 Hordaland.

Han legg til at eit par av personane vart sett til av helsepersonell, men at det ikkje skal vere snakk om alvorlege skadar.

Det er 80-sone på staden.

Det vart først meldt at ulykka skjedde i Modalstunnelen, deretter på Nesheim.