Mange vart overraska då Kårbø, som er fylkesvaraordførar i Hordaland, gjekk ut tidlegare i haust og fortalde at han kom til å byta parti. Onsdag kveld var det mange som fekk seg ei ny overrasking.

I 21-tida publiserte Kårbø ei melding på Facebook-profilen sin, der han skreiv at han etter 2 mnd. som partipolitisk uavhengig i Hordaland Fylkesting har bestemt seg for å gå tilbake til KrF.

«Fristen for å fullføra løpet og eventuelt melda meg inn i Høgre er 10. oktober. Eg har blitt møtt på ein god måte av svært mange i Høgre, av den grunn er dette ekstra vanskeleg. Eg har tenkt og tenkt og kjent på magefølelsen..., kva eg skulle landa på», skriv han.

– Gulblå KrF-ar

Kårbø har tidlegare uttrykt frustrasjon over at KrF ikkje har klart å velja retning. I desse dagar er det mykje på gang i partiet.

«Frustrasjonen i august var stor over nasjonal ørkenvandring, samstundes er det noko med ein partikultur som stikk djupare enn eg var klar over, og det at eg innehar vervet som fylkesvaraordførar på vegner av KrF har også vegd tungt! No skjer det verkeleg noko med KrF, sjølv om eg må innrømma at situasjonen til partiet er i overkant krevjande og dramatisk! Eg kjenner at eg er ein KrF-ar, om så ein gulblå ein».

– Best mogleg jobb for KrF

Etter at partileiar Knut Arild Hareide i slutten av september gav sitt råd om å søka samarbeid med Arbeidarpartiet, heller enn med dagens regjering, har det gått ein diskusjon i partiet om vegvalet. Kårbø er usamd med Hareide, og vil heller svinga mot Høgre.

«Eg håpar no konklusjonen på partiprosessen vert at KrF reelt forhandlar med dagens Solbergregjering, i forsøk på finna fleirtal der. For eigen del skal eg no gjera ein best mogeleg KrF jobb ut denne perioden, så får eg elles sjå kva framtida bringer» heiter det i innlegget, som er signert «Helsing den bortkomne sonen».

Strilen har vore i kontakt med Pål Kårbø, som ikkje ønskjer å kommentera saka utover det han skreiv i meldinga si på Facebook onsdag kveld.