Det var like etter klokka 12 at brannvesenet fekk melding om ein bil som hadde kjørt utfor vegen ved Storheimstø på Radøy.

– Det er snakk om ein bil som har vore utfor vegen, men det skal ikkje vera snakk om store greiene, blir det opplyst ved 110-sentralen i Bergen.

Naudetatane rykka ut, men det skal altså ikkje vera snakk om nemneverdige personskadar.

– Men airbaggen har vorte utløyst, så det har nok vore ein liten trøkk.

Det var NH som først melde om saka.