OPPDATERING: Klokka 14.45 er meldinga at brannvernet er på plass og driv med etterslukking på staden.

Brannvakta i Hordaland melde klokka 14.20 måndag at det var meldt om røykutvikling i skogen ein plass ved Vassbygdvegen i Lindås, og at brannvesenet rykka ut til staden.

Vakthavande befal i Lindås, Meland og Modalen brann og redning, Ståle Juvik Hauge, seier klokka 14.24 at dei er på veg for å sjekka varselet.

Vassbygdvegen går frå Furubergtunnelen til Konglevoll, og er gamlevegen på dette strekket frå før fylkesveg 57 vart bygd i dagens trasé.