– Han gjekk på grunn ein plass mellom Rognsneset og Flundrevågen på nord-austsida av øya, får Strilen opplyst av hovudredningssentralen på Sola.

Dei fekk melding klokka 04.46 om at båten hadde komme seg av ved eiga hjelp, men at dei trong bistand fordi dei hadde problem med motoren. Den lokale losbåten på Fedje hjelpte også til.

Båten gjekk på grunn ein plass mellom Rognsneset og Flundrevågen på nord-austsida av Fedje.

Det skal ikkje ha oppstått nokon lekkasje under grunnstøytinga.

Om det er ein lokal fiskebåt, kunne ikkje hovudredningssentralen svara på, men båten er no på veg inn Hjeltefjorden under slep av redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen.