Litt over klokka 12.00 torsdag melde Norled på sine sider at ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg var innstilt inntil vidare på grunn av eit teknisk problem. Klokka 14.38 var ferja klar for drift igjen.

– Det var ein vassleidning som rauk ombord på ferja Melderskin, og vatnet fann sjølvsagt vegen inn i eit sikringsskap. Båten ligg fortøyd no, medan teknisk personell avgjer om det kan tørkast opp, eller om nokre deler må byttast, sa Inge Andrè Utåker i Norled til Strilen rett før klokka 13.30.

Han våga ikkje seia noko om når problema vert løyst, og henviser til norled.no for oppdateringar.

Fra 12.45 er det sett inn skyssbåt på strekninga, så passasjerar kjem seg over fjorden, om enn utan bil. Omkjøring med bil er via fylkesveg 570 og kabelferja Masfjordnes - Duesund, eller til Matre og E39.

Saka vert oppdatert.