Fv 92 mellom Matre og Bjordal i Masfjorden var stengd i over ein time grunna snøras, melder Statens vegvesen.

Raset skal ha gått omlag 10–12 kilometer frå Bjordal, og entreprenør er på veg.

Ein bilist som ringte inn til vegtrafikksentralen opplyste at han ikkje var sikker på om det var eit ras, men at det var mykje snø i vegbana.

– Eg snudde og køyrde tilbake til Matre. På vegen traff eg på ein brøytetraktor som skulle til den aktuelle staden, sa innringaren til Strilen.

Korleis er trafikken og vegane?

– Fine forhold og lite trafikk.

Rasområdet ligg omlag 20 minutter frå Matre i fjellområdet Stordalen.