Som venta er Toril Eidsheim (H), som står på fjerdeplass på stortingslista til Hordaland Høgre, inne på fast plass ifølgje NRK sin prognose ved 22.30-tida måndag kveld.

Her får Høgre 31,5 2 og fem representantar.

Leif Sande (Ap), som har femteplassen på partiet si hordalandsliste, er ikkje inne på sikker plass på tilsvarande prognose. Her får Ap 23,2 % og fire mandat.

Saka held fram under prognoseresultatet

Foto: Skjermdump frå nrk.no

Det som eventuelt kan opna ei mulegheit for Leif Sande, er dei såkalla utjamningsmandata. Det er eitt utjamningsmandat for kvart fylke. Ordinære distriktsmandat blir delt ut etter kor mange stemmer eit parti får i eit aktuelt fylke. Utjamningsmandata blir fordelte på bakgrunn av kor mange stemmer partia får på landsbasis - for, som namnet tilseier, å jamna ut mandatfordelinga litt meir i tråd med den totale stemmedelen til kvart parti.

Det er vanskeleg å seia kva for parti som får dei ulike utjamningsmandata, fordi fordelinga endrar seg om det skjer endringar i eitt enkelt fylke.

Både Venstre og KrF balanserer på sperregrensa nasjonalt. Om desse partia kjem over eller under, vil bety mykje for utjamningsmandata. Ein må nemleg over sperregrensa på 4 % for å få utjamningsmandat.

Terje Breivik frå Venstre har lagt an til å ta utjamningsmandatet i Hordaland - så lenge partiet held seg over sperregrensa.