Klokka 0931 torsdag fekk politiet melding om at ein bil hadde trilla på ein fem år gammal gut på Seim i Lindås kommune.

Klaga på smerter

Guten kom laus før naudetatane kom til staden. Ifølge politiet klaga guten over smerter etter hendinga.

– Me er på staden og i kontakt med bileigar, og undersøker kva som har skjedd. Der er altså ein bil som skal ha trilla på ein fem år gammal gut. Guten har vore bevisst heile tida, og er no kjørt til Haukeland. Han verkar å vera lettare skadd, sa Per Algrøy på operasjonssentralen i Bergen til Strilen.

Førarkortet inndratt

Ifølge lensmann Kjell Idar Vangberg var det ingen førar i bilen då den begynte å trilla.

– Me har eit bilde av kva som har skjedd og saka er under etterforsking, seier han.

Bilen skal ha treft porten til barnehagen der guten var og deretter femåringen.

Politiet har fått tak i den som disponerte bilen, og vedkommande har fått førarkortet beslaglagt.

Bilen blir tatt inn for tekniske undersøkingar for å finna ut om det er feil på bilen som førte til ulykka.