– Det er klart det er mogleg å setja opp eit gjerde, men då misser det å vera ute i skogen sin verdi og sjarm. Her i skogen er ein ikkje inngjerda, seier Kai-Olav Kvamme, som er dagleg leiar for Trollskogen barnehage på Ikenberget.

Han tek Strilen med over på andre sida av fylkesveg 565, og opp i skogen der barnehagen med hjelp av dugnadsvillige foreldre har fått reist fleire lavvoar. Inne under skråtaka kan små og store søka ly under matpausen eller i det aller verste regnvêret, men helst er dei ute og utforskar livet mellom lyng og kratt.

– Sjå, eg har funne ein makk, seier ein ung friskus, godt innpakka i regnklede og rusta for å grava i jorda.

Eiga friluftsavdeling

Trollskogen har i dag 94 born. Ein del går i ei eiga friluftsavdeling, der mange foreldre vil ha sine born inn.

– Men også dei andre borna i Trollskogen er brukarar av dette arealet, alle er her to dagar i veka fordelt etter ein eigen plan, forklarer Kvamme.

Arealet er det Lindås kommune som eig, og kommunestyret har i funksjon av å vera grunneigar sagt ja til etablering av ein ny veg der, frå industriområdet ved Galteråsen og nordover til industriområdet ved hjortefarmen.

Men før vegen kan etablerast må det søkast på vanleg måte etter plan- og bygningslova, og i den samanhengen håpar Kvamme at omsynet til borna vil gjera at arealet kan få vera som i dag.

MAKK: – Sjå, eg har funne ein makk! Foto: Ketil Tjore

– Stor verdi

Barnehagen får bruka arealet etter avtale om at dei må rydda det igjen dersom kommunen legg nye planar. Men Kvamme håpar at det vert liggande som i dag, som eit område utan inngrep.

– Det er ein frisk gjeng me har her. Faktisk er desse borna på friluftsavdelinga mindre sjuke enn andre born i barnehagen, seier Kvamme.

I bakgrunnen vert dei som har funne makkar overtalte til å legga desse tilbake i jorda, slik at makken kan grava seg ned igjen medan resten har matpause.

Eldre born i barnehagen brukar også areal lengre vekke, både Tveitavarden og Håøytoppen, jamvel byturar og besøk på Fløyen. Men eit godt uteområde i nærleiken av barnehagen er viktig.

– Dette arealet har stor verdi for oss. Det er også brukt av born og vaksne på kvelden og i helgene, som ein plass å leika og utforska, seier Kai-Olav Kvamme.

Velforeininga

Også Ikenberget og Alvermarka Vel er urolege over at eit friareal kan forsvinna, og dei peikar i eit brev til kommunen på at arealet vert nytta av både Trollskogen barnehage og Alversund Montessoribarnehage.

– For born er naturen ein viktig læringsarena, og det er viktig å ta vare på det som er att av grøntområde, heiter det i brevet som er sendt kommunen.

LEIK OG LÆRING: Borna leitar og lærer om små kryp. Foto: Ketil Tjore
UTEBARNEHAGE: Born i Trollskogen barnehage. Foto: Ketil Tjore
UTEBARNEHAGE: Born i Trollskogen barnehage. Foto: Ketil Tjore
UTEBARNEHAGE: Born i Trollskogen barnehage. Foto: Ketil Tjore