– Det vart samla inn ca. 3 tonn plast i Meland i fjor. Det er me godt fornøgd med, men plastproblemet er dessverre stort over alt i verda, så det må gjerast mange tiltak, både oppryddingar og førebygging, seier Karina Garnes Reigstad i gruppa som arrangerer strandryddedagen i Meland.

Nasjonal ryddeaksjon

Strandryddedagen vert arrangert i mange norske kommunar. I år er datoen for aksjonen laurdag 5. mai. For å få engasjert mest muleg folk og gjera ryddeaksjonen så effektiv som muleg vil det bli arrangert eit planleggings- og informasjonsmøte på Meland rådhus ein månad før, om kvelden torsdag 5. april.

– Mange lag og organisasjonar har alt sagt at dei blir med, og me oppfordrar alle til å komma på møtet der både ordføraren, Bergen og omland friluftsråd og Kystlaget vil stilla, seier Garnes Reigstad.

Lett å engasjera seg

Målet med strandryddedagen er å skapa blest om plastproblemet i havet og gjera det lett for folk å engasjera seg. Sjølve dagen kan ein møta fram og få utlevert plastsekkar og hanskar og bli med på ryddeaksjonar i sjøkanten ulike stadar i kommunen, og så vert det mest sannsynleg ei triveleg avslutning med litt opplegg i Frekhaug senter på slutten av dagen. Slik at ryddinga vert både effektiv og sosial.

– Me håpar at aksjonen vil gjera at fleire får lyst til å gjera ein innsats i nærmiljøet sitt, og rydda heile året, seier Garnes Reigstad.

Tydeleg problem

Plastproblemet kom godt fram den dagen Strilen møtte henne i badevika på Frekhaug. Berre eit kort blikk i fjøresteinane avslørte bæreposar, plastflasker, plastbitar og store mengder q-tips.

– Dette er eit trist syn, og det er skremmande å tenkja på at det er veldig mykje meir i havet. Undersøkingar tyder på at det berre er 20 prosent av plasten i havet som er synleg. 80 prosent ligg under vatn, og problemet er større enn me klarer å førestilla oss, seier Garnes Reigstad.

Du finn meir informasjon både om planleggingsmøtet og ryddeaksjonen på Facebook-sida til Meland frivilligsentral.