TIPS? tlf 971 51 020, desk@strilen.no eller Facebook

SISTE KL 15.52 TYSDAG: E39 blir ikkje opna tysdag. Ny vurdering onsdag klokka 10.

«Trafikken nordfra kan ta av fra E39 ved Kringla før Jernfjelltunnelen og kjøre mot Sløvåg fergekai. Ferge over til Leirvåg. Sørfra er det omkjøring fra Knarvik.» opplyser NRK Trafikk.

Heilt stengt

Det var rundt klokka 10.15 tysdag formiddag at Vegtrafikksentralen melde om at det hadde gått eit ras på nordsida av Masfjordtunnelen på E39, på Matre.

Raset førte til at Masfjordtunnelen blei stengt.

– Me veit ikkje anna enn at det har gått eit ras. Det er snakk om forholdsvis store steinar. Vegen er stengt, opplyste Vegtrafikksentralen rundt klokka 10.30.

Det var då folk på staden, og ein ville vurdera å senda inn geolog. I mellomtida blei også omkjøringa via fylkesveg 383 Haugsdalen også stengt.

Foto: Privat
Foto: Privat
KØ: Det er kø gjennom Matre etter raset. Foto: Privat

Geolog på veg

Rundt klokka 11 hadde ein starta opp kolonnekjøring. Like etter kom kontrabeskjeden om nye ras i området. Det førte til at vegen vart heilt stengt på ny. Geolog vart bestilt og var venta på plass innan klokka 13.

Klokka 13.40 melde Vegtrafikksentralen at det ville komme ny oppdatering klokka 18 tysdag kveld, men klokka 15.52 melde dei altså at vegen ikkje blir opna i løpet av tysdagen. I staden blir det ei ny vurdering onsdag klokka 10.

Det blei difor bestemt å setta inn nattferjer på sambanda Leirvåg-Sløvåg og Masfjordnes-Duesund.

Frå før av er det mykje aktivitet i området via arbeidet som føregår i Masfjordtunnelen, slik at tunnelen ofte er stengt eller har kolonnekjøring.

Norled melde også at Lavik-Oppedal-ferja måtte stå over avgangane klokka 12 og 12.30 på grunn av nødvendig lading av batteriferja MF Ampere.

USIKKERT: Det er i dette området at det skal ha rasa ned frå fjellsida. Ein time etter det første raset kom det meir ned. Foto: Privat
VARSLING I KNARVIK: 30 sekund før dette bilde blei tatt var det melding om kolonnekjøring på tavla. Nye ras førte til kontrabskjed og ny stenging. Foto: Erlend Kristiansen