Ein bil kjørte i fjellveggen i Trodaltunnelen på E39 i Masfjorden litt før klokka 13 fredag ettermiddag. Føraren, som var aleine i bilen, blei kjørt til Haukeland sjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er ukjend.

Den 848 meter lange tunnelen blei stengt etter ulykka, men litt før klokka 14 vart det opna for normal trafikk igjen.

Det er venta stor trafikk på vegane ettersom det er helg og skuleferien er i gang.

For nokre dagar sidan vart E39 stengt i eit døger då eit steinras datt ned over E39 på Matre.