Det var rundt klokka 20 torsdag kveld at 110 Hordaland melde om ein større vasslekkasje i Knarvik senter.

Restverdiredning

– Store styrker frå lokale mannskapar er på plass anledning ein større vasslekkasje i Knarvik. Dei har fått stoppa lekkasjen og er i ferd med å sikra verdiar og suge opp vatn, seier alarmoperatør Peter Nordgreen i brannvesenet.

Cirka 20.40 kom også ein restverdiredningsbil frå Bergen. Dei har ekstra utstyr med seg, som til dømes vifter og avfuktere, og er spesialisert på å hindra følgeskadar og få redda så mykje av verdiar som mogleg.

Rett før stenging

Då Strilen var på staden jobba brannvesenet, vektar og tilsette i butikken for fullt med å få varer ut.

Butikken var i dag open klokka 20 og det var i forkant av stengetid at lekkasjen oppstod.

Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen