Torsdag 24. januar var det brann i Prestmarka barnehage på Manger. Barnehagen måtte stengja til over helga, mellom anna på grunn av at lokala måtte luftast ut skikkeleg. Deler av barnehagen var og nedsota og måtte vaskast.

Då borna var heime frå barnehagen, måtte naturleg nok foreldra ta fri. No har ei mor skrive brev til Radøy kommune, der ho spør om dei vil få nokon kompensasjon for inntektene dei gjekk glipp av.

Mora tykkjer og det tok lang tid før barnehagen vart opna att. Det gjekk fire og ein halv dag, inkludert ei helg. Ho tvilar på at ei privat verksemd ville ha brukt så lang tid på å opna att, og håpar på å få eit svar frå kommunen.