Arbeidet på fylkesveg 245 Ådlandsvegen, mellom Fosse og Ådland, starta opp måndag morgon. Det er støyping av betongrekkverk som står på planen.

Vegen blir difor stengt i periodar inntil to timar til og med onsdag. Det blir passering for alle når det kjem rutegåande transport, i tillegg til at utrykkingskjøretøy også kan passera.