Brannvesenet rykte fredag i 19-tida ut til melding om brann i eit industribygg på Flatøy. Det var kraftig røykutvikling frå bygget som blir brukt som lager.

Gjennom taket

Brannvesenet opplyste nokre timar seinare at bygningen er totalskadd, og at dei ville la bygget brenna ned kontrollert.

– Flammene er gått gjennom taket, så dette blir ein skikkeleg «jobbebrann», dei må nok arbeida der heile natta for å få kontroll på brannen, sa vaktoperatør Tore Fanebust ved 110-sentralen i Hordaland i 22-tida.

I 04-tida natt til laurdag fekk brannvesenet endeleg sløkt den kraftige brannen.

– Då fekk vi endeleg kontroll, men bygget er totalskadd, det er berre ramma som står igjen no, fortel brannsjef for Nordhordland brann og redning, Karl Johannes Romarheim til Strilen laurdag morgon.

Det var brannmannskap frå Nordhordland brann og redning, Åsane og Bergen på staden for å prøva få kontroll på brannen. Foto: Villanger Media
Foto: Villanger Media

Utfordringar med taket

Brannvesenet sleit lenge med å få kontroll på brannen, på grunn av ein spesiell tak-konstruksjon på industribygget.

– Det var veldig tungt og vanskeleg. Vi hadde tilgjengelig alt utstyr som vi hadde behov for, men likevel hadde vi store problem med å komma til og få sløkt brannen, seier Romarheim.

Medan brannvesenet stod på, oppfordra Vest politidistrikt dei som bur i området til å lukka glasa på grunn av dei store mengdene med røyk.

Politiet melde at det ikkje var fare for spreiing av brannen. Ingen var meldt skadd eller sakna. Det var heller ikkje farlege stoff inne i bygget.

Romarheim kunne ikkje seia noko om kva som er årsaka til at brannen starta og viste vidare til politiet. Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy, veit ikkje kva som forårsaka brannen.

– Politipatruljen var der ute til klokka 22 i går og saka vil bli etterforska vidare av lokalt politi i Nordhordland, seier han.

Foto: Anne-Lise Nordpoll