Følg trafikken direkte i kartet øvst i saka. Der kan du sjå trafikkbildet for Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

På alle hovudvegar, spesielt E39 og E16, er det venta stor trafikk ut frå Bergen fredag før palmesøndag.

– Det byrjar gjerne med kø på E39 nordover, og utover dagen på E16 mot Trengereid, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.

På heimreisedagane 1. påskedag og 2. påskedag er det også venta tett trafikk og saktegåande kø på E39 og E16.

– Når mange er ute på vegane kan det fort komma enkelthendingar som punktering eller motorstopp som snur ting litt på hovudet. Det vil gi endå meir kø, men slik veit vi jo aldri på førehand, seier Sleire.

– Sparer ingen tid på vågale val

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen kjem med klare oppfordringar til dei som skal ut på vegane i påska.

– Seink farta, følg køen og dropp farlege forbikøyringar. Du sparer nesten inga tid på vågale val, men utset deg og andre for fare.

Han er overraska over at mange har det travelt i påsketrafikken.

– Det er betre å komme fram litt seinare enn ikkje i det heile tatt. Mange køyrer på vegar dei ikkje er vane med å køyre. Bruk den tida som trengst. Høg fart og unødvendige forbikøyringar skaper farlege situasjonar, og er gjengangarar i påskeulykkene, seier vegdirektøren.

Om lag 70 ulukker i påsketrafikken

Kvart år skjer det om lag 70 ulukker med personskade i påsketrafikken. I fjor mista ingen livet i påsketrafikken mot éin i 2017, tre i 2016, éin i 2015 og fire i 2014.

Gustavsen fortel at han har sine «beste kvinner og menn» på vakt denne påska. Trafikkoperatør Hanne Anette Norheim er ei av dei.

– Dei siste åra har vi sett at trafikken har forandra seg. I fjor var det fleire som reiste heim 1. påskedag, så folk må vere budde på kø begge dagane, seier ho.

Arbeidet med å rusta opp tunnelane i regionen tek ferie i påska. Arbeidet med Masfjordtunnelen og Matreberg og Trodal på E39 stoppa opp torsdag 11. april. Arbeidet byrjar igjen i Masfjordtunnelen tysdag 23. april klokka 08.00. I Matreberg- og Trodaltunnelen byrjar det igjen same dag klokka 20.00.

På fleire ferjesamband er det forventa ekstra ventetid, særleg på Lavik-Oppedal på E39. Her er det sett opp ekstraferjer:

  • Fredag før palmesøndag i tidsrommet 15.00-21.00

  • Onsdag før skjærtorsdag i tidsrommet 13.00-20.00

  • 1. påskedag i tidsrommet 13.00-20.00

  • 2. påskedag i tidsrommet 12.00-20.00